hits

Ei snøhole som mål

 

I dette innlegget blir det ei kort oppsummering av ein tur eg tok i februar i år. Denne dagen var veret ikkje på sitt beste, men eg bestemte meg for å ta meg ein kort tur for å lage meg ei snøhole kor eg kunne slappe av i ly for vind og regn som eventuelt ville komme. Oppakkinga var enkel, eller «rask og lett»  som eg likar å seie. Eg pakka berre med nokre skiver, spade, kniv, flintstål, primusen, kaffikjelen, te-posar, hanskar, liggeunderlag, godkoppen og ekstra ullgenser. Sidan februardagane held rikeleg med snø, og sidan innsjøar og bekkar var isdekte eller tørre, valde eg å satse på snøsmelting som alternativ til å hente vatn. Det gjorde mitt val av leirstad meir fleksibelt, sidan eg ikkje var avhengig av å ha ope vatn i nærleiken. 

Men no skal eg ikkje røpe for mykje, lat oss heller sjå korleis det gjekk.         

 

eg hadde parkert ved hovedvegen gjekk turen vidare på en traktorveg som ville føre meg ned til vatnet. Eg festa på meg trugene og vandringa tok til i behageleg tempo. Men trugene var ikkje mykje hjelp i sidan eg trakka gjennom snøen stadig vekk. Det kjentest ut som om eg gjekk med ekstra lodd på beina, for snøen samla seg nærast oppå trugene i staden for under. Men sidan det ikkje var den lange avstanden å gå, so brydde eg meg ikkje om å ta dei av. Eg tenkte heller slik at det får bli dagens ekstra treningsøkt. Temperaturen var ca. 4 plussgrader og lufta kjentest ganske mild ut på ansiktet og hendene, so hanskane vart verande i lomma inntil vidare. eg hadde kome meg ned til vatnet, såg eg ein god snødunge ved ei vik. Sjølv om det ikkje var heilt etter planen å slå leir her vart likevel valet å lage leirplass her.  Det er som ein seier: «arbeid med naturen og ikkje mot naturen» og det rådet lyttar eg alltid til.

Arbeidet med hola starta umiddelbart. Det var godt å grave der eg stadig forsvann lenger innover i snødungen. Snøen som eg gravde ut fordelte eg på veggar og tak på utsida av hola.

 

Snøhola er ferdig

 

Eg var i grunn ganske nøgd med resultatet, for sjølv om det ikkje var noko 5-stjerners hotell ville det sikre meg godt ly for regn og vind. No stod det berre att å flytte inn utstyret, noko som heller ikkje var lenge gjort. alt var på plass måtte det naturlegvis bli tid for ei lita markering av at eg var ferdig. Kaffikjelen blei stappa med snø og primusen blei kveikt med tennstål.

Medan tevatnet kokte opp la eg meg inn i hola og fann meg til rette med dei siste justeringane slik at liggeunderlaget låg godt. 

 

 

Underteikna nyt utsikta frå hola

 

tekoppen var full la eg meg slik at eg skoda utover landskapet. Som ein ser på biletet nedanfor var det godt utsyn mot botnen i enden av vatnet.

Når den beskjedne men gode feiringa var over, trekte eg primusen inn i hola slik at eg drog meir nytte av varmen den gav. Sjølv om snøen rundt smelta litt, fekk eg brukbar varme frå primusen. Problemet med smeltinga var ikkje verre enn at det vart løyst med ei lita justering med plasseringa av primusen, og kaffikjelen plasserte eg slik at den fylte seg opp til neste runde med te. Snakkar om luksus altso, «i ly for vind og ver med innebygd vasskran, ikkje dårleg»

Etter at eg hadde opphalde meg her i nokre timar laut eg omsider bryte av og takke for dagen i dag. Det var utan tvil freistande å ligge over til søndagen, men eg hadde ikkje tid til nokon lenger tur sidan der var andre syslar som ikkje kunne vente.

Men det var godt å komme seg ut og å starte året med mange gode planar i sekken, og ikkje minst gode minner ein kan bygge vidare på.

Takk for turen i dag.

 

 

Utsikt mot Skilbreia

 

Om Skilbreivatnet:

Skilbreivatnet ligg i Hyen, rett ved fylkesveg 615. Om du kjem frå Førde fylgjer du fylkesvegen til du kjem til Storebru, her svingar du av mot Hyen. Du fylgjer deretter vegen ca 30 - 40 minutt (om du held fartsgrensa). På ferda kan du nyte syne av mange spennande fiskevatn, men om du vil til Skilbreivatnet må du halde fram til du passerer eit skianlegg på venstre side. Dette er eit sikkert teikn på at du no berre har få minutt igjen til du er framme, og du vil sjå Skilbreivatnet frå hovudvegen.

Om du kjem frå Sandane, så fylgjer du fylkesveg 615 gjennom bygda Hyen og vidare mot Storebru, om litt vil du få syne på Hopsstøylen på venstre side, og vidare oppetter vegen møter du på ein foss. Dette er eit sikkert teikn på at du er like ved.

 

Årets siste kanotur 2017

Årets siste kanotur 2017

 

Noko eg alltid har hatt lyst til er å avslutte årets padlesesong med vinterpadling, der ein kan ta del i opplevingane i den spesielle stemninga som kjem då. I 2016 venta eg dessverre litt for lenge slik at isen la seg på vatnet før eg kom meg i gang, Men i år blei det annleis, draumen som var er klar til å bli ein realitet.

Det er på tide å starte dagen og sjå kva vi finn.

 

 

Notatboka åpner seg den 11.11.2017.

 

I dag tidleg kunne eg sjå frå vindauget et ruskevær med sludd som nærmast rant frå glaset. Kjensla av å sitte inne med ein god kopp varm te var behageleg, og eg vart nærmast lokka til godstolen med fjernsyn og gode filmar denne laurdagen. Men slik skulle dagen ikkje bli, for eg hadde allereie bestemt meg at denne helga skulle det bli kanotur so sant vinden ikkje var for sterk i kasta. Og sidan den ikkje var det, so var det berre å stålsette seg til en spennande kanotur på Skilbreivatnet.

 

 Utsikt mot Skilbreia

 

Forholda var kanskje ikkje dei beste, ettersom der var stadige sluddbyger som herja på. Men heldigvis var det lite med vind, som var noko som kunne sette ein stoppar for ekspedisjonen, så då lyt ein berre kle seg etter forholda. Sludd og regn kan ein jo tåle.

Etter at eg hadde lasta utstyret opp i kanoen og balansert vekta slik at kanoen var stabil, kunne eg endeleg seie at eg var rigga og klar til ekspedisjon. 

Det første eg merka meg var sjølvsagt sluddbygene. Dei gjorde det meste av utstyret vått, samstundes som eg kunne følge med på pytten som stadig samla seg under føttene i en nokså våt kano. Men eg heldt meg tørr takka være fornuftig klesval. Utvalet var enkelt: Ullundertøy, skjorte, fleecegenser, ullgensar, jakke, regnklede, og redningsvest. Liggunderlaget la eg over beina for ekstra vern mot regnet.

Etter ei tid med roleg padling letta regnbygene. No kunne underteikna nytte sjansen til å dokumentere litt frå turens hendingar. Det klarna litt opp og eg hadde god oversikt over Skilbreia i friske omgjevnader.

 

Straumsbotnen kjem til syne

 

Rundt neste sving kom Straumsbotnen til synes i enden av vatnet. No var det ingen tvil lenger, sidan forholda såg ut til å halde seg ville ferda halde fram heilt til endes. Ferda heldt fram vidare langs land i behagelig tempo.

Ved eit berg som går rett ned, kjende underteikna ei kjensle av sårbarheit. Om ein kantrar og fell uti her er ein sårbare i det kalde vatnet der det er vanskeleg å kome i land. Men slike kjensler er det godt å ha, for det held fornufta og fokus på rett stad.

 

Hjortegevir

 

Etter at eg passerte berget dukka det opp halvdelen av eit hjortegevir ved vannkanten. Her laut eg sjølvsagt i land for å berge ein flott skatt frå det som nyleg var ein femgreinar si flotte krune. Eg leita litt etter den andre halvdelen men den fann eg ikkje, so då slengte eg kruna i kanoen og padla vidare til endes av vatnet, for no kjende eg at det skulle bli godt å sette opp leiren og få seg en kopp varm te.

 

Ankomst Straumsbotnen

 

No tok det ikkje lang tid før eg var komen til enden vatnet. Her kunne eg ta del i sluddet som hadde samla seg som et isflak ved elva, og ved  å padle bort og sjekke fekk eg òg bekrefta at det var sludd og ikkje is. Eg vurderte om eg skulle padle gjennom sørpa og slå leir med kanten der, men det slo eg meg i frå sidan eg ikkje såg kva som låg under skorpa, for her kunne det ligge ymse trekvistar som kunne stikke hol i kanoen. Den sjansen var ikkje verd å ta, derfor vart planen endra til å slå leir nærmare elva.

 

 Ei tynn skorpe av sludd-flak på vatnet

 

Leiren er på plass

 

For å finne ein høveleg leirplass valgte eg å padle so langt opp elva som det var råd å komme for so slå leir og slappe av der med den etterlengta te-koppen. Her fekk eg også høve til å tørke regnjakka og byte klede. For sjølv om eg var godt kledd hadde det likevel snike seg inn litt vatn mellom kleda.

Når eg hadde slappa av og fått meg mat og tørka meg, so laut eg nytte høvet og ta nokre bileter av staden. Sidan her var folketomt andøgde eg ikkje so mykje på utstyret, eg let alt ligge igjen i leiren og tok meg korte turar på jakt etter gode motiv til bilete.

For det meste oppdaga eg hjortespor. Eg speida òg litt etter aktivitet i elva men ingen fisk var å sjå i dag. So eg returnerte etter ei tid tilbake til leiren for å slappe av i ro og fred før ferda gjekk tilbake same vegen.

 

 

Vakre fjelltoppar i syningom

 

Lenger innover i botnen

 

 

Om Skilbreivatnet:

Skilbreivatnet er eit av dei spennande fiskevatna som er å finne i Hyen i Nordfjord. Vatnet er ikkje so mykje i bruk trass i at vatnet ligg lett tilgjengeleg. Her kan ein også leige båt.

Skilbreivatnet ligg rett ved fylkesveg 615. Om du kjem frå Førde så fylgjer du fylkesvegen til du kjem til Storebru, her svingar du av mot Hyen. Du fylgjer deretter vegen ca 30 - 40 minutt (om du held fartsgrensa). På ferda kan du nyte syne av mange spennande fiskevatn, men om du vil til Skilbreivatnet må du halde fram til du passerer eit skianlegg på venstre side. Dette er eit sikkert teikn på at du no berre har få minutt igjen til du er framme, og du vil sjå Skilbreivatnet frå hovudvegen.

Om du kjem frå Sandane, så fylgjer du fylkesveg 615 gjennom bygda Hyen og vidare mot Storebru, om litt vil du få syne på Hopsstøylen på venstre side, og vidare oppetter vegen møter du på ein foss. Dette er eit sikkert teikn på at du er like ved.

Eg går ut i frå at du har skaffa deg fiskekort. Men om du ikkje har det, så kan du skaffe dette på joker-butikken i Hyen.

 

Naturkrefter på veg

I dette innlegget har eg valt å hente fram ei spennande oppleving frå då kalenderen synte 01.08.2014. Denne dagen synte naturkreftene seg over bygda Hyen i Nordfjord. Min dokumentasjon av hendinga er dessverre ikkje av den aller beste kvalitet, men eg tykkjer allikevel at den fortjener sin plass på bloggen.

So lat oss sjå kva naturkreftene har å by på.

 

Ruskevêr på veg

 

Dagen går mot kveld og det fresar godt i grillen under verandaen. Eg sat ganske enkelt og slappa av denne nydelege kvelden med gode temperaturar og ein litt lunken bris i lufta.

Etter som kvelden gjekk, vart også landskapet langsomt fylgt opp av eit mørkt skydekke i horisonten. Med det første brydde eg meg ikkje noko om det, sidan litt regnvær ikkje ville være til noko bry der eg satt godt i le, men regnet lot vente på seg.

biletet ovanfor ser vi korleis det bygde seg opp der landskapet nærmast vart dekt i eit labert lys frå skyene. Frå avstand kunne eg høyre lyden av torevêr som stadig kom nærare bakom fjella.

Om ikkje lenge skulle eg få ei interessant oppleving med lyn og tore like ved! Du verda kor spennande dette var! Det var bulder og brak i nokre korte men intense augeblikk, det var utruleg fascinerande å følgje med på. Det tok heller ikkje lang tid før eg for og henta kamera og plasserte meg dristig opp i vindauget for å få god dokumentasjon av hendinga. Sjølv om vindauget kom litt irriterande i vegen lukkast eg i alle fall med å få med restane av torevêret før det gav seg for denne gang.

Dermed var hendinga over nesten like plutseleg som den hadde kome, og som ei høveleg avslutting dette innlegget legg eg ut dette korte videoklippet av hendinga.

 


 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tur til Holmestøylen


Holmestøylen, med utsikt mot Hope

I dette innlegget skal vi bevege oss opp til vel 600 moh. Der finn vi Holmestøylen, også kjend som Holsstøylen på folkemunne, som ligg og nyt flott utsikt over delar av landskapet i Hyen i Nordfjord. Etter kva turkartet for Gloppen fortel, er dette ein av topp 20 merka ruter der den snik seg inn på ein trettandeplass.

Dette måtte sjølvsagt utforskast nærare av underteikna. Korleis det gjekk? Ja, det skal vi snart finne ut av. So lat oss heller ikkje vente meir i spenning. Det er på tide å sjå kva notatane kan fortelje.
 

Det er tidleg morgon, den sjette juni 2016. Sola har enno ikkje synt seg i fjellheimen når underteikna er klar for tur. Planen i dag er å ta turen opp til Holmestøylen for å skrive seg inn i turboka som skal vere lagt ut for sesongen. Det såg eg fram til. Proviant og utstyr var av type lett og rask, det vil seie t-skorte, nokre brødskiver, kvikklunsj-sjokoladeplater, sokkar, vatn, kart og kompass for sikkerheits skuld.

Etter frukosten og ein kopp varm te, skulle det ikkje lang tid før eg hadde parkert bilen ved ei utviding ovanfor Brødrene Aa båtbyggjeri, kor den nye turstien opp til Holmestøylen går. Denne utvidinga ligg langs riksveg 615 mellom Sandane og Storebru. Om ein kjem frå Førde eller Flora vil ein sjå båtbyggeriet idet ein køyrer frå Hope og ned til Straumen. Om ein kjem frå Sandane lyt ein forbi Holme og rundt ein sving før ein ser båtbyggeriet. 

Men lat oss vende tilbake til turen, for no var eg på veg i behageleg tempo oppover turstien. Det var ikkje tilfeldig at eg starta tidleg. Eg ønskte nettopp å kome meg høgt opp i terrenget før sola kom for fullt, for det blir alltids varmt nok opp bakkane sjølv utan sol.

Og so langt gjekk alt etter planen.

 

Merka turrute


Etter om lag 30 minutts gange tok sola meg igjen, som i grunn var heilt greitt sidan eg hadde fått lagt bak meg nokre høgdemeter. Det var eigentleg godt å kjenne sola varme der eg vandra i vakker bjørkeskog med selskap av fuglekvitter i tretoppane. Som de ser på biletet ovanfor er stien godt merka.

 

 

Oversikt over ruta     

                        

Vel halvvegs, og litt brått på, kom dette skiltet til synes. Skal tru kva der står då?  «Du er her no.» Ja, det er godt å vite, smilte eg lurt. Men det styrkte både motivasjonen og kreftene når ein veit at ein er komen halvvegs. Her kunne eg òg sjå strekninga eg hadde lagt bak meg (i lilla).

No var eg byrja å bli spent på å sjå kva utsikt som ville møte meg på ferda vidare. Fram til no hadde skogen hindra utsikta. Samstundes skal det jo seiast at å vandre i skogen med vakker fuglesong, gjev ei behageleg ro i sjela.

Utsikt frå Anderskleiva

Det skulle ikkje gå lang tid før eg fekk ein smakebit av utsikta som ventar på toppen, for stundom opna skogen seg der den freista med nydeleg utsikt. Sjølvsagt tok eg meg tid til å nyte utsikta med litt vatn og sjokolade i mine tidvis korte pausar, som t.d. her ved Anderskleiva, 365 moh.  

Ut Hyefjorden

Om litt skulle eg for alvor ta del i litt av utsikta, då eg fekk eit overblikk over delar av Hyefjorden som biletet ovanfor syner. Det var ein god oppkvikkar å sjå utsikta stadig breie seg meir og meir utover etter kvart som eg nærma meg støylen. Det var òg ei god kjensle å få betalt for kreftene eg hadde brukt oppover bakkane. Å gå den siste biten til støylen var som å gå på den raude løpar, for å seie det enkelt og greitt.

Holmestøylen

Plutseleg kom Holmestøylen til synes der eg kom over bakken. Hurra! Målet er nådd i dag!  Etter å ha tørka vekk den siste sveitten frå panna var det på tide å finne ut om turboka var å finne i postkassa, og det var den.

I boka kunne eg loggføre at eg var komen opp, og eg fekk bekrefta at ruta hadde god trafikk av ivrige turgåarar. Det var godt å setje sitt eige namn i boka, for då kunne eg setje denne turen også på lista over gjennomførte prosjekt.

No var det kun ein ting som gjenstod, og det var å nyte utsikta og slappe av. Og det var nettopp det eg gjorde ved å ta korte turar til dei nærmaste toppane før eg tok turen tilbake same vegen som eg kom.

Håpar eg no har gjeve deg inspirasjon til å prøve turen sjølv.

God tur!

 

 

Her finn ein turboka

 



Utsikt over Straumsholmen i Hyen

 

 

Utsikt mot Røyrvikstøylsvatnet

 

 

Ut Hyefjorden

 

 

Fjellrype

Kanotur på Hopsvatnet

I dette innlegget skal bloggen Naturglede få gleda av å presentere ein kanotur på Hopsvatnet i grenda Hyen i Nordfjord. Denne turen tok eg saman med min gode turkamerat Steffen. Vi er begge samde om å dele turen til glede for dykk, slik det var til glede for oss.

So lat oss ikkje vente meir i spenning, lat oss sjå korleis turen vart.

 


Hopsvatnet

 

Det første som møtte meg då gardina vart dregen til sides ved soveromsglaset, var ein nydeleg dag der sola allereie hadde festa grepet om dei høgste fjelltoppane. Under frukosten, med ein halvpakka tursekk ved min side, var det tid for å høyre om Steffen hadde starta dagen, eller låg og sov tungt. Det vart jo trass alt seint kvelden før med planlegging og ymist prat omkring dagens tur. Men like raskt som meldinga var sendt, kom det svar og eg kunne straks ta beina fatt.

 

 

VLUU L100, M100 / Samsung L100, M100

Sjøsetting av kanoen

 

Då eg kom ned til Hopsvatnet var Steffen allereie klar til avgang, men før vi sette av stad gjekk vi raskt gjennom huskelista som vi hadde laga kvelden før, slik at vi forsikra oss om at ingen ting vart gløymt. 

Første post var å få kanoen på vatnet, og det var i grunn grei skuring med godt samarbeid der vi bar den mellom oss ned til stranda slik at den kunne få si etterlengta kontakt med vatnet. Steffen tilbaud seg å hente resten av utstyret medan eg skulle passe på at kanoen ikkje fòr drivande av garde. Eg tenkte med meg: « snakkar om god turkamerat! tar tyngda av arbeidet utan å nøle ». Samstundes kjende eg trangen til å hjelpe med å få lasta om bord, for det var jo ikkje noko fare for at kanoen skulle drive av stad med det første. Plutseleg høyrde eg «Smill!» Eg hadde tydelegvis blitt fanga i eit effektivt men nokså uskuldig bakholdsangrep, for der stod han oppe i buskene med kamera, og då var det berre å smile det ein var god til. Sidan Steffen var så ivrig tok han ansvaret for å dokumentere turen i sin heilskap.

 

VLUU L100, M100 / Samsung L100, M100
Straumselva med Hyefjorden i bakgrunnen

 

Det var godt å kome ut på vatnet, her var det enkelt å slappe av i dei tidvis svake vindpusta som gav ei etterlengta kjøling i varmen. Samstundes var det godt å sleppe insekta som herja inne ved land. Framdrifta på kanoen var av eit behageleg tempo, det vil seie verken for fort eller for seint, akkurat passe. Noko av det første vi såg på eine sida var god utsikt over øvre del av vassdraget til Straumselva.

Sidan det var nesten vindstille, fekk vi eit nydeleg bilete av landskapet som spegla seg i vatnet. Det var utan tvil flott å sjå i sin heilskap, og om eg kjenner Steffen rett so var han nok samd i det, for det var like stille i kanoen som på vatnet då, ja vi sat enkelt og greitt og naut det flotte landskapet omkring oss.

Men om litt måtte vi berre fortsette, for no var vi spente på kva meir som ville møte oss av opplevingar vidare.

 

 

VLUU L100, M100 / Samsung L100, M100
Hopsvatnet oppover mot Hope

 

Etter kvart som vi kom vidare oppetter vatnet fekk vi stadig betre oversikt over delar av Hope, som biletet ovanfor nesten syner. Der oppe er òg utløpet til Hopselva som renn inn i Hopsvatnet. På biletet er avstanden litt for stor til at ein kan sjå elva med det blotte auge, men den er om lag i midten av biletet. Er du som les av sorten ivrig laksefiskar? Ja, so kan både Hopselva og Straumselva anbefalast med mange spennande fiskeplassar oppetter og nedetter.

Turen vidare  skulle by på litt meir motvind, men det var eigentleg ganske behageleg for oss. Flott avkjøling samstundes som at ein fekk lufta vekk sveitten.

Sidan vinden hadde auka litt ville det naturlegvis påverke framdrifta vår, so då vart det eit naturleg val å halde seg nærare land.  

 

VLUU L100, M100 / Samsung L100, M100
Vatnet finn sine vegar ned fjellet

 

Til gjengjeld fekk vi spennande opplevingar inne i fleire små viker som dukka opp langs vatnet, og som alle hadde sine egne små sjarmerande krokar. Det var til dømes diverse fuglar langs vatnet som tok seg ein frisk dukkert. Elles var det fascinerande å sjå korleis små bekkar finn sine vegar nedetter fjellet. Ja, å høyre den sildrande lyden av bekkar og fuglar som syng i tretoppane, er heilt klart med på å gje ein god ro i sjela. I alle fall for to ivrige kanopadlarar.

 

VLUU L100, M100 / Samsung L100, M100
Steffen nyt naturen

Etter ei god padleøkt bestemte vi oss for å finne ein høveleg stad for å få i seg litt mat, og for å diskutere og planlegge komande turar. Men sjølvsagt ville vi også bruke tid i stille så ein berre høyrer naturen sine eigne interessante lydar. Då nytta underteikna høvet til å ta bilete av Steffen der han slappa av i naturlege omgjevnader.

Sjølv om vi hadde siste etappen igjen vart den gjennomført utan dokumentasjon ettersom kameraet gjekk tomt for batteri. Vi vel derfor å avslutte denne turen her.

Men for vår del vart det ei flott avslutting på turen, og ekspedisjonen enda sjølvsagt med at ein planlegg dei neste turane. Så då kan vi på ein måte seie at turen ikkje har teke slutt. 

Håpar vi har gjeve deg inspirasjon til å ta liknande turar sjølv.

I alle fall: God tur på ferda.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


 

 

Fisketur på Hyefjorden

I dagens innlegg skal vi ta turen til årets første fisketur i 2016. Denne turen gav meg mange flotte minner og opplevingar som fortener å sjå dagens lys, også på bloggen naturglede.
Starten på ein ny sesong sjøfiske er alltid like spennande for underteikna. Kva som vil hende på fiskefronten veit ein ikkje, men i alle fall var trua på fangst definitivt til stades.
Men no skal eg ikkje røpe alt for mykje, lat oss heller opne notatboka og sjå kva vi finn.
 
 
Fiske på Hyefjorden
 
 
Vi skriv 13.03.2016

Ved frukostbordet kunne søndagen starte i ro og mak, og lokalavisa heldt meg med selskap. Det skulle ikkje gå lang tid før eg fann tidevasstabellen og såg at om nokre få timar skulle høgvatnet breie seg i Hyefjorden. Dette måtte eg dra nytte av.
Tanken på å ta ein tur på fjorden for å prøve fiskelukka for første gang i år var rett og slett alt for fristande, so då vart det å pakke kamera og proviant for dei komande timane på sjøen. Nokre skiver, termos med te, og ein pakke kjeks skulle greie seg. Fiskeutstyret rekna eg med var i båten etter fjorårets sesong, som det og var då eg kom ned til naustet for å sjøsette båten. Det var ei herleg kjensle å merke den friske sjølukta rive i nasa medan vatnet slo mot båten. Nokre måkeskrik i bakgrunnen var berre hyggeleg under slike omstende. Det kjendest som å ferdast på den raude løpar til eventyret som ventar der ute.
 
 
Stokkand i flukt
 
Turens første oppleving var ein flott familie med stokkender som låg og koste seg ved sjøkanten. Dette måtte eg sjølvsagt prøve å ta bilete av. Sidan eg stadig kom drivande nærmare, vart tida stadig meir knapp før eg ville bli oppdaga, so no gjaldt det å handle så raskt og lydlaust som mogeleg. Men hadde eg kameraet klart? Nei då, der låg det godt pakka ned i sekken. No var forsiktige rørsler einaste håp for å lukkast, men plutseleg vart det liv i leiren! Eg hadde tydelegvis kome for nær, for der for dei til kvar sin kant i ein nærast briljant manøver for å finte meg ut. No gjaldt det å handle i all hast for å dokumentere i alle fall det eg kunne av hendinga. Eg lukkast med å få ein av dei som for like ved båten. Eg vil tru avstanden var mellom 4 til 6 meter på det næraste. Alt i alt var eg svært nøgd med både opplevinga og resultatet. Eg hadde sjølvsagt håpa å få heile familien samla, men eg skal ikkje være for kravstor heller, ver glad for det ein har. Og det var eg!   
 
 
Nydeleg landskap i sikte
 
Framleis er det snødekte fjelltoppar som pyntar landskapet. Lufta er skarp og klar, og det friskar opp stemninga ute på fjorden. Heldigvis hadde eg kledd meg godt så eg unngjekk den kalde trekken. Samstundes gjev det ei lita kjensle av at dei gode varme dagane stadig kjem litt nærmare for kvar dag som går, spesielt når tankane retta seg mot tida som vi legg bakom oss, Det gjev ein skikkeleg positiv oppkvikkar for underteikna. Ja, nettopp slike små augeblikk er gull verdt å ta vare på, og dei er der heile tida, sjølv i ein hektisk kvardag.
 
 

 

Men no melde fisketrangen seg stadig sterkare, og det var tid for å ta fram den gode gamle fiskestanga som har fylgt meg på mange harde prøver gjennom mange år. Stanga har nådd pensjonsalderen med sine mange reperasjonar og slitasjer opp gjennom tida, men eg vel å framleis bruke den til stanga smuldrar opp. Men, er det ikkje klokare å kjøpe ei ny stang, ei ein kan stole på? Ja, det skal man ikkje sjå vekk ifrå. Men vil ein fiskar gje seg med fiskinga medan han eller ho framleis kan halde på med det?
Etter å ha sloppe sluken ned på botnen for så å sveive 1 til 2 meter opp igjen, var eg svært spent dei første minutta. Men minutt blei til kvarter, kvarter til halvtime, utan eit napp. Eg bestemte meg straks for å prøve ein anna stad, men først måtte eg få i meg noko varm te og skiver. Sanneleg var det godt å få styrkje motivasjonen etter den nokså resultatlause fiskeøkta. Men eg hadde på langt nær gjeve opp håpet. Det var andre stadar kor ein kunne prøve seg.
 
 

Kaldekløva i sikte
 
Eg sette kursen mot ei vik som vi lokale kallar for Kaldekløva. Grunnen til at den har fått dette namnet vil eg tru skuldast at sola ikkje slepp so lett til der som andre stader. Etter framkomsten tok det ikkje lang tid før sluken var på veg til botnen på nytt. Her det er så djupt var det kanskje større moglegheit for fangst i dag, for eg vona at botnen gjerne var litt varmare enn lenger oppe. 
No hadde eg fiskelukka med meg, for utan forvarsel small det på ein sværing!
 
 

Kamp på liv og død
 
Det vart ein hard kamp utan tvil. Stanga fekk køyrt seg godt for fisken gjorde kraftig motstand. Etter at eg hadde sveiva opp eit stykke tok fisken kursen rett ned, noko som sette ei halvgod snelle og sluk på prøve. Den gamle stanga gav frå seg nokre urovekkande lydar kvar gong fisken tok kreftene ut. Skulle dette bli dagen då stanga takka for seg? Men nei då. Litt etter litt fekk underteikna fisken stadig nærare overflata, medan kreftene til fisken stadig vart svakare.
Etter om lag 10 - 15 spennande minutt var eg godt nøgd med å ha landa ein torsk på 3.5 kg, samstundes som eg kunne juble over at middagen var berga.
Eg bestemte meg no for å avslutte fiskinga for i dag, for sjølv om det freista å fiske litt til, så var dette ein perfekt måte å avslutte dagens fisketur på for meg. Dessutan hadde eg litt arbeid med å sløye fisken før eg kunne sette kursen heimover igjen. For eg ønskte å dra nytte av det resterande tidevatnet til å få båten inn i naustet igjen utan å bruke for mykje krefter på dette.
 
 
Underteikna syner fangsten
 
Ja, årets første tur var en suksess utan tvil. Eg kan ikkje seie anna enn at eg allereie no gler meg til neste tur.

Kanskje har eg inspirert deg til å ta ein fisketur sjølv? I så fall:
God tur å skitt fiske!
 
Heilt til slutt kjem litt praktisk informasjon om kvar du finn Hyefjorden.

Hyefjorden er ein 14 km lang fjordarm til Nordfjord i Sogn og Fjordane. Fjorden ligg i sin heilskap i Gloppen kommune.

Hyefjorden er smal med bratte fjellveggar som ligg tett på fjorden på begge sider. Vestsida er uframkommeleg der fjellet stuper rett i fjorden. Fylkesveg 615 går på austsida av fjorden. Hyefjorden ligg med fjordåpninga ved Hestenesøyra mot nord og fjordbotnen ved bygdesenteret Straume og garden Aa mot sør.

Ein dag i leiren

Den 18. mai skulle bli den dagen då underteikna let fiskestanga stå ubrukt. For sjølv om turen starta ved Skilbreivatnet, og sjølv om eg hadde som hovudmål å fange dagens middag, skulle planen endrast undervegs. Grunnen til dette var at skogen no var i endring og gjekk mot den gode varme tida. Derfor ynskte eg å søke inn i skogen for å slå leir og slappe av, og for å sjå kva som kunne dukke opp på min veg.

Det skal no seiast at eg kjende at fisketrangen ikkje heilt ville sleppe taket i kroppen. Men i dag kjende eg faktisk meir trang til å utforske skogen på nærmare hald.

Men kvar skulle eg fare? For det var jo meir enn rikeleg med plassar å velge mellom, men samstundes hadde augo allerede sett ut ein høveleg kolle som låg vakkert til i terrenget.

 

Leirstaden 

 

Då eg skulle velge leirstaden, var planen å søke litt opp i høgda for å sjå kva som var å finne. Men først nytta eg høve til å fylle opp vannflaska, som er ei gamal men god vane eg har, sjølv om eg i tillegg hadde ein termos med varm te på lur. Det er alltid bra å ha rikeleg med vatn slik at ein ikkje er avhengig av å ha bekkar nær leirstaden.

Om litt fant eg ein stad mellom nokre bjørker som eg tykte var en høveleg plass å slå leir. Her fekk eg litt utsikt over delar av landskapet, samtidig som turen inn i skogen var kort.

Arbeidet i leiren var ikkje noko tema i dag, for alt var allereie klart. I skogen var eg litt meir i le for vinden samstundes so sola varma godt, dette til trass for at det var snø på dei høgste fjelltoppane og sjølv i lavlandet var det ein og annan snøflekk å finne.

No var det på tide å legge i frå seg alt utstyret å ta seg en runde for å sjå kva ein kunne oppdage.

 


Hjortegropa

 

Eg tok meg ei runde rundt for å sondere terrenget. Om ikkje lenge kom eg til ei hjortegrop, som de ser på biletet ovanfor. På mi eiga dialekt kallar vi dette ein "restallje", og det er også kjent som brunstgrop. Dette er ei grop som hannhjorten sparkar opp om hausten når han er i brunst, og som han deretter urinerer i. Så rullar han seg i denne blandinga av gjørme og urin for å lokke til seg ho-hjortar.

Dette var både spennande og interessant, her fekk eg et kort møte med hjorten si åtferd ved å studere omgjevnadane rundt gropa. Sjølv om eg ikkje såg noko hjort som vandra i nærleiken medan eg var her, så kunne eg likevel sjå føre meg hjorten som bada i gjørma for å lokke til seg kollene som det kvart år kjempast om.

Eg brukte mykje av tida ved gropa for å få med meg alle detaljane som eg kunne finne. På dei næraste treklyngene kunne ein sjå at det mangla litt bark rundt stammen, og somme tre var til og med knekte, for det er slik det føregår når hjorten bryskar seg i brunsten. Like i nærleiken fann eg dessutan hjortehår som biletet nedanfor syner.

 

Hjortehår

 

Ein triveleg leir
 

Då eg var godt fornøgd med dagens observasjon, var tida inne for å returnere til leiren for å slå seg til ro dei neste timane. Det passa i grunn bra, for eg kjente at det hadde vore godt med en matabete òg. På matfronten hadde eg ikkje akkurat mykje å velge i, men en kopp te og brødskiver fekk holde i dag.

Etter måltidet nærma det seg tid for ein siesta borte i lyngen. Ja, ein siesta er kanskje ikkje eit ukjent fenomen i Noreg. Men det er nok meir vanleg i land der klimaet er varmare, f.eks. Spania og Mexico. Men den tradisjonen brukar eg gjerne å praktisere også på mine turar, og sjølv om det ikkje alltid blir til faste tider, er det i alle fall godt for kroppen å kvile ut frå tid til annan.


Sidan eg ikkje hadde med liggeunderlaget i dag, brukte eg jakka og ullgensaren til den oppgåva, og sekken blei brukt som nakkestøtte. Det var behageleg å slappe av i lyngen, der kunne eg kjenne roa senke seg i kropp og sjel medan eg høyrde på vakker fuglesang i tretoppane, og slik vart tradisjonen halde ved like i dag.

Då eg omsider vakna igjen brukte eg litt tid på å skrive ned alle hendingar i notatboka til seinare lesnad, før eg braut leir for dagen og starta ferda tilbake den same vegen som eg kom.

 

 

 

 

 

Dagstur til Hornet

 

Vi er no i slutten av april månad og er vi stadig litt nærare den varme årstida. Naturen som har lege i dvale gjennom vinteren blir igjen fylt med sprudlande dyreliv. Akkurat dette er en verkeleg god oppkvikkar for underteikna som endeleg kan belage seg på sommaren etter den kalde tida. Ja, ved å oppleve alle årstider på nært hald set ein nettopp ekstra stor pris på slike stunder.

Det er igjen tid for å tømme den siste te-skvetten og legge i veg på en ny og spennande tur.

 

Men kvar skulle ferda gå? Her måtte eg ta fram kartet der eg kunne finne ei høveleg rute. Om litt skulle valet ende på en tur til Hornet, som er en liten topp ved Langevatnet som ligg i Rønnekleiv, Hyen. Det skulle ikkje gå lang tid før eg var på veg mot startpunktet for denne turen.

Til dykk som ikkje er kjende i området, skal eg gje ei kort vegskildring fram til vatnet.

Ein køyrer Fylkesveg 615 til ein kjem til Aa, og her køyrer ein av der vegen er skilta til Gjengedal. Om du køyrer frå Sandane må du ta av til venstre, og om du kjem via Storebru må du ta av til høgre. Så følgjer ein denne vegen til ein kjem til krysset kor vegen går anten til Gjengedal eller Mjellem. Her tek ein av til Mjellem og køyrer til ein ser ein godt synleg kraftstasjon. Ved denne svingar ein av til høgre. Vegen går gjennom eit gardstun og her må ein leggje att bompengar i ein konvolutt før ein køyrer vidare, Prisen for bomvegen er pr. i dag. kr 20.

Om kort tid vil du komme til ei grind som du må passere. (Ver venleg å late at grinda etter deg.) Vidare fylgjer du vegen rett fram til du er framme ved Langevatnet.

Men lat oss no vende tilbake til turen.

 

Biletet syner dagens turmål

 

Då eg hadde parkert bilen ved ei lita utviding kunne underteikna nyte synet av målet for dagen frå avstand før ferden tok til. Planen var i grunn grei skuring. For å unngå den verste stigninga opp, valde eg å starte eit stykke unna der det ikkje var så krevjande å gå. Samstundes ville eg nytte høvet til å halde ved like bruken av kart og kompass, så om ikkje lenge var ruta klar og eg var på veg.

 


Bilete syner tjernet fra ein seinare tur i juli månad 


Etter at eg hadde fylgd vegen som går langs Langevatnet et stykke, var det på tide å legge kursen opp i høgda. Eg stilte inn kompasset mot eit tjern som skulle bli eit orienteringspunkt på ferda vidare. Etter vel 15-20 minutt traff eg ganske rett på tjernet, til mi store glede. Dette viser kor bra kart og kompass fungerer i praksis, når ein har stilt inn kursen på rette måten. Eg vil anbefale alle som ferdast i naturen å lære seg bruk av kart å kompass. Brukar du GPS er dette sjølvsagt vel og bra, men det kan vere bra å kunne kart og kompass om batteriet skulle ta slutt. Men nok om det. No gjaldt det å komme seg over skoggrensa for å vinne litt utsikt.

 


Vesle-Rongkleivvatnet i det fjerne
 

På vegen hadde eg godt selskap av fuglane som stadig song i tretoppane, noko som var ekstra triveleg å høyre. Etter kvart vart det litt meir utsikt å finne. Biletet over syner delar av Vesle-Rongkleivvatnet som framleis var dekt av is. Dette var god informasjon å ta med seg vidare for underteikna, som noterte raskt ned informasjonen i turboka. Men no var det om å gjere å legge kursen mot Hornet som ganske enkelt var strake vegen rett fram.

 


Kort pause med Langevatnet i bakgrunnen
 

Den siste etappen var som å gå på den raude laupar til målet. Terrenget var stort sett solide bergflater som gjorde det ekstra spennande å ferdast her, eg hadde til tider ei kjensle av å gå i steinura som biletet over delvis syner.

Her tok eg meg ti minutts pause for å ta av meg dei kleda som var fulle av svette, og få på noko tørt. Eg kunne heller ikkje dy meg, eg måtte ta ein kopp med te og litt kvikk lunsj. Dette var en del av feiringa eg eigentleg skulle ha når eg var framme, men lat gå, eg får spare litt på provianten til seinare.

 


Biletet syner attskapinga av sigersropet på Hornet 


I det eg tok mine siste steg fram til toppen, kunne eg ikkje dy meg, eit lite seiersrop frå toppen er lov. For litt moro må ein jo ha.

Sidan eg er ein ivrig fiskar var det kanskje ikkje so rart at det fyrste eg beit meg i merke var tre fiskevatn som låg i nærleiken: Røyrvikvatnet, Øyravatnet og Langevatnet. Her blir det spennande fisketurar om ikkje lenge, tenkte eg.

Sjølvsagt måtte desse vatna dokumenterast før eg tok meg ei lengre kvild på toppen.

 

Røyrvikvatnet


 


Øyravatnet


 


Langevatnet
 


Etter eg hadde slappa av og nytt tida på Hornet, var det på tide å vende tilbake same vegen eg kom. Men ein ting var sikkert, her skal eg ta turen igjen, det er det ingen tvil om.

 

Forhåpentlegvis har eg no gjeve deg inspirasjon til å ta turen sjølv. Om du går samme rute som eg gjorde, eller går di eiga rute er sjølvsagt opp til deg.

Heilt til slutt vil eg legge ved et kart som syner den ruta eg gjekk.

 


Mi rute opp til Hornet
 

God tur!

 

 

Småkryp i skogen

I dette innlegget har eg valt å gje plass til eit beskjedent utval av dei ulike småkrypa som vi finn i naturen. Sjølv er eg ikkje nokon spesialist som kjenner alle dei spennande artene vi har i Noreg, men eg skal gje dykk litt av omstenda rundt bileta, og eg vonar dette gjer lesnaden meir interessant. Sjølv tykkjer eg det er svært spennande å følgje med på dyrelivet som vi har rundt oss i naturen, For om vi tek oss tid til å studere dei på nærare hald, finn vi mange spennande detaljar som vi elles ikkje hadde merka oss om vi hadde rusla fordi. Desse småkrypa har eg møtt på ulike vandringar i Hyen.

 

Liv i maurtua, 08. 06. 2014

Hardt arbeid pregar maurens travle kvardag

 

Det var ein varm sommardag då underteikna arbeidde seg gjennom skogen for å prøve fiskelukka ved Langevatnet i grenda Rønnekleiv.

På min veg kom eg over ein gammal trestamme som hadde velta overende for ei tid sidan. Kanskje var det stormfulle krefter som hadde vorde på ferde, eller kanskje var det andre hendingar. Men før eg fekk spekulert meir på det var det noko anna som fanga merksemda mi.

For her var det arbeid med å skaffe mat, kvistar og anna til ei maurtue som var å finne vel tre meter frå der eg stod. Det var spennande å følgje med på samarbeidet mellom dei. Om arbeidsmauren fekk problemer med å bere maten tok det ikkje lang tid før andre maur kom å hjelpte te (som biletet syner ovanfor).

 


Maurtua

 

Det er på lag imponerande å sjå kva slike små kroppar greier å byggje opp i felleskap.

Det var full fart med høgt arbeidstempo i leiren, som frå avstand såg til å være ute av kontroll. Men ved ein nærare inspeksjon kunne ein sjå at alt var organisert, noko som var svært fascinerande å sjå.

Maurtuer kan vi også dra nytte av som eitt av naturen sine eigne kompass i skogen. Maurane byggjer tuene sine på sørsida av treet for å få mest mogeleg sol. Det vil seie at om du står med nasa rett mot tua og treet, så ser du mot nord. Til venstre for deg har du då vest og til høgre for deg er aust.

 

Krossedderkoppen, 23. 08. 2015


Krossedderkopp

 

No hadde eg nettopp komt i land inne i Straumsbotnen, etter ein spennande kanotur over Skilbreivatnet i grenda Hope. Det skulle ikkje gå lang tid før eg starta å sjå etter ein høveleg leirplass for dagen.

Etter eg hadde slått leir i skogen og vatnet var henta, kunne underteikna ta seg ein tur med kamera i håp om å få nokre vakre bilete av landskapet. Planen var derfor å bevege meg opp til dei næraste toppane. På veg oppover kom eg nesten til å øydelegge eit vakkert edderkoppnett som var nesten ikkje til å sjå i terrenget, men heldigvis unngjekk eg det. Men kvar var edderkoppen? Hadde eg skremt den vekk inn i buskene kanskje? Men det skulle ikkje gå lang tid før eg fann den like ved nettet. Det var ein vakker krossedderkopp som var dekt i nydelege fargar.

Det såg ut som den held på å klargjere nettet til neste måltid før eg skremde den vekk med min overaska ankomst. Sidan det såg ut som om den ikkje var interessert i mitt nærvær, tok eg sjølvsagt omsyn til det. Eg tok nokre raske bilete for å dokumentere hendinga og fortsette vidare opp i høgda.

 

Eit ukjent småkryp, 11. 02. 2015


Ein uventa gjest

 

I dag var den dagen då skyene hadde regn å by på. Underteikna var klar for å slå opp ein rask leir på ein åskam ved Langevatnet. Eg fekk god bruk for duken/tarpen i dag for å holde regnet borte, samtidig ga det meg ein moglegheit for å byte til tørre klede og tørke dei våte kleda, i alle fall so godt det lot seg gjere. Etter klebytet kjende eg at varmen sette seg i kroppen igjen, som var ei god kjensle. Sidan eg hadde slått leir kunne eg like gjerne nytte høvet til å få noko varmt i kroppen. Eg lagde meg litt te som var godt å ha attåt skiver med leverpostei. Etter måltidet brukar det gjerne å være ein tid med ro og fred i leiren, og faktisk vart det ein middagskvil i lyngen.

Då eg vakna igjen hadde eg eit triveleg besøk av eit spennande insekt på skoen, som likna litt på ein marihøne. Forsiktig leita eg fram kamera å fekk eit bilete av den. Sjølv er eg ikkje hundre prosent sikker på kva dette insektet heiter, so eg vel å ikkje uttale meg noko om det på noverande tidspunkt.

Det var uansett eit interessant møte.

 

Møte med froskar, 09. 08. 2014

 

Froskar er spennande skapningar som vi kjenner i god stil. Ofte får vi eit kort møte med dei på vår ferd i skogen, og slik var det her.

Eg var på veg opp til Rombergvatnet i grenda Rønnekleiv for å prøve fisket. På veg opp kom eg over desse froskane som passerte på min veg. Det var fascinerande å sjå kor godt dei gjekk i eitt med naturen. Hadde dei stått heilt i ro og underteikna var i god fart oppover bakkane, er det ikkje sikkert dei hadde blitt oppdaga. Men heldigvis, får vi seie, var det ikkje tilfelle med desse to, og eg hadde tid nok til å ta god dokumentasjon av froskane, og dette sette eg sjølv stor pris på.
 

 

Ja, naturen er fantastisk, det er det ingen tvil om. Brukar vi tid til å følgje med på bakken under oss blir vi kanskje overraska over kva småkryp som er å finne i naturen.

Sjølv ser eg fram til å ta mange fleire spennande bilete av ulike skattar frå naturens ville verd.

 

Vinterleir i skogen



Dei siste dagane har det vore varierte vêrforhold med tidvis opplett som har enda opp i sludd og milde vindkast, Det var nesten so det lag an til å bli ein innedag i dag. Men samtidig kjende eg at det hadde vore spennande å ta ein tur under slike forhold også, so utan noko vidare tenketid var eg gang med å pakke sekken. Oppakkinga bestod blant anna av truger, tarpen, mat, kniven, byteklede, for å nemne det viktigaste eg valde å ha med.


Planen i dag var å prøve og ta meg opp til Rombergvatnet. Eg var litt usikker på snømengda eg ville møte på min veg, so det måtte bli ei spennande utfordring eg hadde i vente.


Rombergvatnet ligg i området til garden Rønnekleiv i Hyen, og vegen fram til vatnet går ut frå ein traktorveg som byrjar etter at ein har køyrt gjennom gardstuna. Her skal du få ei kort vegbeskriving som leier deg fram til mitt startpunkt i dag.


Fyrst køyrer du Fylkesveg 615 til ein kjem til Aa, og her køyrer du av der vegen er skilta til Gjengedal. Om du køyrer frå Sandane må du ta av til venstre, og om du kjem via Storebru må du ta av til høgre. Så følgjer du denne vegen til du kjem til krysset kor vegen går anten til Gjengedal eller Mjellem. Her tek du av til Mjellem og køyrer til du ser ein godt synleg kraftstasjon. Ved denne svingar du av til høgre. Vegen går gjennom eit gardstun og her må du leggje att bompengar i ein konvolutt før du køyrer vidare. Prisen for bomvegen er pr. i dag. kr 20.-.


No vil vegen straks føre deg til ei grind som du må passere. Her har du som regel god plass til å parkere bilen, men om det ligg mykje snø er det litt meir utfordrande. Når du har parkert og er klar til å starte ferda skal du gå litt vidare på vegen framover. Om få minutt kjem du til eit kryss der du må svinge av til venstre. Her vil du no kome inn på ein traktorveg som vil føre deg fram til Rombergvatnet.


Men lat oss no vende tilbake til turen.

                            På veg oppover bakkane

 

Eg parkerte bilen attanfor grinda og festa på meg trugene, og dermed starta den spennande ferda. Men etter å ha gått ei stund merka eg at det ville bli tungt å nå målet i dag, for eg trakka stadig igjennom roten snø, og slikt kostar ekstra krefter. Eg laut verkeleg ha vilje for å halde ut til eg var ved vegs ende Kvar gong eg trakka igjennom snøen so drog trugene berre med seg ekstra vekt av snø, og det kjendest ut som å ha murstein festa til føtene. Nei, det var berre ein ting å gjere, nemleg å ta av seg trugene og fortsette til fots.


No vart det noko bedre å gå. Samtidig fekk eg ikkje so godt fotfeste under skoen, og det førte til at fotfestet ofte glapp, noko som igjen kosta krefter. Det var på tide å forandre på planane, for sjølv om det er ingen tvil om at eg hadde kome opp om eg verkeleg ville, sa fornufta klart i frå om at det beste var å trekke inn i skogen og slå leir, for ein skal trass alt tilbake også. Hm, ja, desse orda fekk meg til å tenke på tyngdelova som ble formulert av Isaac Newton der ein av paragrafane ( § 197 ) seier "Alt som går opp må komme ned" og det ser vi kanskje ein samanheg med også her. Men nok om det.

 


Leiren er snart klar

 

Etter at eg hadde sett kursen inn i skogen, skulle det ikkje gå lange stunda før eg fann ein fin stad å slå leir. Eg tok no av meg sekken for å nå tak i tarpen som skulle bli dagens enkle bustad. Noko av det eg ser etter når eg skal slå leir, er gjerne stadar der eg kan finne gode festepunkt, noko ein egentleg finn dei aller fleste stadar. Om ein ikkje finn nokre festepunkt må ein gjerne improvisere ved å lage dei sjølv, men det var ikkje nødvendig i dag.


Plutseleg uten forvarsel kjende eg nokre dråpar treffe meg i ansiktet, og som etter kvart utvikla seg til aukande sluddbyger som tidvis kjendest ut som haglbyger. No var det berre å knyte fast tarpen og komme seg i ly raskt. Det vart ei god stund i ly for bygene, men det er berre koseleg det. Det var på tide å dra fram termosen og få seg ein varm kopp te og litt å bite i.


Provianten bestod av skiver med leverpostei og kvitost som er god turmat. Til dessert hadde eg med ei halv plate Firkløversjokolade. Etter at eg hadde ete meg god og mett, la eg meg godt til rette ned i lyngen for å skrive dagens notatar.


Etter kvart letta også været, og det passa i grunn bra. Eg tok meg ei runde med kameraet for å skaffe litt dokumentasjon av turen.

 


Bilete syner spennande blåtime i skogen

 

Mens eg var på veg å jakta på bileter frå skogen, blei det ein kort stund med noko spesielt lys i skogen, det var som om heile landskapet fekk ein ekstra blåfarge i seg, dette måtte eg sjølvsakt prøve å få eit bilete av. Det var utruleg flott å være ein del av dette no.

 


Meir snøv er på veg

Etter ein kort stund kjende ein å annan snøflak som traff meg i ansiktet, å horisonten blei no fylt av meir snøv som nærma seg fort, det var no på tide å finne igjen leiren for å søke ly gjennom det tonge snøfllet som var på veg.

 


Utsyn mot Holtane og Mjelleimsegga


Når uveiret hadde letta tok eg fatt på heimreisa for å nytte resten av dagslyset. Eg tok eit siste bilete av Holtane og Mjelleinsegga som kom til syne mellom skogen.

 

God tur!

 

 

Isfiske på Skilbreivatnet


Vi er i den kalde tida der det er godt å fyre med ved. Å kjenne den lune gode varmen frå peisen får meg til å halde meg i godstolen medan kulda herjar utanfor. I ei slik tid går det gjerne nokre dagar mellom turane, som er alt for lenge etter min smak. Men eg kan ikkje skulde på andre enn meg sjølv, og sjølvsagt varmen frå peisen. Derfor vart det til at eg planla å ta ein rekognoseringstur
til Skilbreivatnet for å teste isen i tillfelle den var sterk nok til isfiske. Då eg fann ut at den var trygg var det ingen tvil, eg kunne belage meg på ein spennande dag på isen.
 
 


 
Innover Skilbreivatnet
 

Ein ny dag tek til, og eg var allereie klar før dagslyset hadde festa grepet. På veg opp mot vatnet kunne eg sjå temperaturmålaren i bilen sige stadig nedover til - 15 grader før eg var framme. Då eg åpna bildøra var det ein frisk og kjølig trekk som møtte ansiktet. Ein ting eg var spesielt glad for, var at eg hadde kledd meg godt, og det betalte seg no. I løpet av natta hadde det kome litt nysnø (ca. 10-15 cm.) som gjorde at eg kunne sjå mange spennande spor medan eg gjekk ned til vatnet. For det meste var det spor etter hare, og eitt og anna hjortespor.


Møtet med vatnet var fantastisk. Det var nydeleg å sjå sola gje sitt vakre lys oppe i fjellsida Samstundes gjorde den kalde skodde-eimen det reint storslagent å sjå det heile i ein samanheng.


Tid for fiske

 

Men no var det på tide å komme seg ut på isen for å prøve fiskelukka. Eg tok varsame steg utover medan eg pussa vekk snøen undervegs. Då eg var komen litt utpå, hogg eg et prøvehol for å sjekke isen på nytt før eg for vidare utpå. For sjølv om den var trygg i går, so skal ein ikkje late seg lure av kulda. Då holet var ferdig bestemte eg meg for å prøve fiskelukka med det same, og då eg fyrst hadde rigga meg til var det svært behageleg å sitte og nyte naturen medan eg prøvde å lure fisken til å bite på.


Men her var det ikkje noko napp å få, i alle fall ikkje i dag. Eg vurderte no å prøve lenger inne langs vatnet. 


Skogen kler seg i nydeleg vinterdrakt

 

Turen gjekk no varsamt mot Skilbreia, som ligg på andre sida av vatnet. Undervegs var det svært triveleg å sjå den flotte naturen som var dekt i nydeleg vinterdrakt.


Utsikt frå Skilbreia

 

Då eg var komen fram skulle det ikkje gå lang tid før neste fiskehol vart laga, men først fekk eg litt arbeid med å høgge vekk is frå sjølve øksa, som var frossen til is. Eg må innrømme at det var artig å sjå kulden bite seg fast i alt den kunne, og eg koste meg med å hakke vekk isen på øksa med knivskaftet. Etter at eg hadde rigga med til på ny måtte eg fyrst unne meg litt nudlar og kakao av type rett i koppen, alt laga eg til i kaffekjelen på stormkjøkkenet. Sjølv om eg er mest tilhengjar av te når eg er på tur, så er ikkje kakao noko dårleg alternativ i kulda.


Med nye krefter var det tid for å starte ei ny fiskeøkt. Eg fiska framleis med maggot og mormyska. Vel fire korte minutt skulle det ta før fyrste fisken smalt på, med ein solid oppfølgar kort etter som var større enn den første. Heldigvis hadde eg med fiskevekta der eg fekk ein nøyaktig vekt som var på 320 gram på den største.

 


Dagens fangst

 

No hadde eg sikra meg et godt måltid, anten til kvelds eller til middag i morgon. Ein flott bonus på turen set eg like stor pris på kvar gang, og som alltid er det like stor stas å fange maten sjølv.


Resten av turen nytta eg høve til å slå av kamera for å nyte kvelden i fred å ro til skumringstida gjorde sitt inntog.


Og det er noko eg kan anbefale til alle.


God tur!

Min naturlege plan for det nye året

 

Vel møtt til det nye året!


Ja, no er det nye mogelegheiter, og nye planar er under planlegging for kvar og ein av oss. I alle fall er det den kjensla eg sjølv har no. Det gjev meg god motivasjon at vi no skriv januar månad, for sjølv om vi framleis har flotte dagar med frisk og kjølig luft, so er vi stadig nærmare dei gode varme dagane.


Mitt mål for året er i hovedsak å drive aktivt friluftsliv gjennom året i fritida. Det eg ser spesielt fram til er tida ved leiren, fiskeøktene, spennande oppdagingar, følgje årstidene på nært hald, oppleve dyrelivet, nye ekspedisjonsturar, overnattingar, men kansje mest av alt gleda av å være på tur.


Notatar er gode å ha

 

For omtrent 4 år sidan starta eg å skrive notatar frå turane mine som ein god rutine, og eg har stor glede av å dokumentere ymse detaljar, slik so kvar eg har vore, og hendingar på turane. Dette kan ein bruke til å utfordre seg sjølv på ein god måte, for eksempel prøve å få meir fisk en året før eller ta fleire turar, til dømes.


Også i år ser eg fram til at mange blanke ark skal til slutt halde spennande notater frå villmarka. Og kva der vil stå, ja det veit vi berre når dagen lir mot seine kvelden. Personleg tykkjer eg det er godt å skrive ned notater fra turane for å ha noko å kome tilbake til når åra går, og ikkje berre ha bilete å sjå tilbake på. I mine yngre år vart notatar ikkje prioritert so mykje i den grad dei burde. Grunnen var at eg følte kanskje på den tida at det ikkje var so nøye med notatar. Dette førte til at eg no i dag ikkje kan hente like god informasjon frå dei turane eg tok då. Dette seier eg i hovedsak som eit godt tips til deg som enno ikkje skriv egne notatar, for det får du garantert mykje glede av seinare i livet.


Eg er klar for å starte dette året også, det er det ingen tvil om. Fullada sett med batteri til kamera, alt turutstyr har fått det trengane vedlikehaldet, kniven har fått seg ein omgang på brynet og er farleg kvass. So no blir det spennande å sjå kva året har med seg av spennande hendingar. Eg kan ikkje seie anna en at eg gledar meg stort til å ta fatt på årets turar.

Fisketur ved Skilbreivatnet

I dagens innlegg skal vi gå tilbake til ein sommardag i 2014. Sjølv om vi no har ei nydeleg årstid, har vi også fått kjenne litt på kulden, så då treng vi å styrke humøret med spennande fisketurar frå varmare dagar. Denne gongen er eg ikkje åleine, men tok med meg turkamerat Steffen Hope, og begge partar er samde i å dele denne turen med dykk. Kanskje gjev den dykk den inspirasjonen de treng til enten ta den samme turen sjølve, eller liknande turar. Men lat oss no ikkje vente meir i spenning, det er på tide å gå tilbake i turboka og sjå kva vi finn.

 


Startpunkt Hopsstøylen


I dag skulle eg treffe ein god turentusiast som no var å finne i området. Planen var å treffast på Hopsstøylen for å drøfte ymse saker og komande turer i løpet av dei neste dagane, som var eit herleg utgangspunkt å ha. Som dei fleste turar krev også denne alltid litt god planlegging på førehand, i dag var det heller ikkje noko unntak. Vi bestemte oss for å ta ein tur til Skilbreivatnet. Alt låg no klart til å bli ein spennande fisketur i triveleg selskap.


Ved val av gode turkameratar er eg kanskje noko kravstor, men eg tykkjer det er ein fordel å ha med folk som har god erfaring i å ferdast i naturen, og ikkje minst like mykje glede av å være i naturen som meg sjølv. Kort sakt, Steffen oppfyller alle krav med glans. Opp gjennom åra har det blitt mange flotte turar med spennande fiske og ro i leiren. Personleg vil eg seie at ein bedre kar å ha med på tur er vanskeleg å finne.

 

Skilbreivatnet

Skilbreivatnet er eit av dei spennande fiskevatna som er å finne i Nordfjord. Vatnet er ikkje so mykje i bruk trass i at vatnet ligg lett tilgjengeleg. Her kan ein også leige båt.


Skilbreivatnet ligg rett ved fylkesveg 615. Om du kjem frå Førde så fylgjer du fylkesvegen til du kjem til Storebru, her svingar du av mot Hyen. Du fylgjer deretter vegen ca 30 - 40 minutt (om du held fartsgrensa). På ferda kan du nyte syne av mange spennande fiskevatn, men om du vil til Skilbreivatnet må du halde fram til du passerer eit skianlegg på venstre side. Dette er eit sikkert teikn på at du no berre har få minutt igjen til du er framme, og du vil sjå Skilbreivatnet frå hovudvegen.

Om du kjem frå Sandane, så fylgjer du fylkesveg 615 gjennom bygda Hyen og vidare mot Storebru, om litt vil du få syne på Hopsstøylen på venstre side, og vidare oppetter vegen møter du på ein foss. Dette er eit sikkert teikn på at du er like ved.


Eg går ut i frå at du har skaffa deg fiskekort. Men om du ikkje har det, så kan du skaffe dette på joker-butikken i Hyen.

Men lat oss vende tilbake til turen.

 

Dagens framkomstmiddel.

På turen i dag valde vi å bruke båten til å utforske vatnet på nærare hald. Dette gav oss fleire fordelar som vi drog godt nytte av, for ved bruk av eit slikt transportmiddel så har ein mogelegheit til å ha med nokre ekstra kilo med luksus på turen. og det høvet let vi ikkje gå i frå oss. Den ekstra vekta bestod i hovedsak av ekstra proviant.

Planen var likevel å prøve å fange middagen sjølv i naturen, som alltid er like stas kvar gong det lukkast, for kva er vel betre enn fersk fisk rett i panna? Men skulle fisken likevel lure seg unna, så hadde vi eit godt andre alternativ, for det skadar ikkje å vere godt førebudde.


Etter at vi hadde lest opp båten og redningsvesten var forskriftsmessig på, kunne ferda starte.

 


Ferda inn langs vatnet.

Det var ein behageleg tur inn langs vatnet, Steffen tok årene fatt. Underteikna skulle halde kursen nokolunde rett fram, men med vakker natur og nydelege fjellformasjonar som forstyrra arbeidsoppgavene om bord kom vi litt ut av kurs til tider, men so lenge det går framover så er det forflytting. Vi brukte god tid, både til å dorge og til å ta bra med pausar til å utforske dei mange spennande vikene som er her. Sjølvsagt skulle fiskelukka prøvast også på desse stadane.


Det å fare innetter vatnet var litt nostalgisk å tenke på, for omtrent slik var det for tidlegare generasjonar av ivrige fiskarar også. Sjølv om båtane og fiskeutstyret ikkje var so moderne som i vår tid, trur eg gleda var akkurat den same som denne dagen.


Når der er fleire som er med på fisketuren, så kjenner ein konkurranseinstinktet sette seg i marg og bein, sjølv om ordet fiskekonkurranse blir sjelden nemnt direkte. Dette vonar vi alle kjenner oss igjen i. Underteikna valde å bruke mark og dupp til å starte med. Steffen valgte å bruke blank sluk, som også er eit godt alternativ å bruke mot auren som er her. No var det spennande å sjå kven som fekk første fangsten.

Etter ei tid leia undertekna med to aurar. Sjølv om dei ikkje var av dei største, så var det ei behageleg leiing i konkurransen. Om litt fekk vi syne på eit spennande elveutløp der vi bestemte oss for å slå oss til ro og prøve fiske frå land.

 

Utløpet av Kaldelva

Vi plasserte oss på kvar vår side av elva. Underteikna valde å bruke mark og dupp, mens Steffen valde å bruke blank sluk. so no fekk fisken bestemme seg for kva den ville bite på. Medan vi venta var det behageleg å høyre lyden av elva, samt å følgje med på elva sine friske krefter gli nedetter fjellsida, gjennom juvet og mellom skogen på neset.

Plutseleg såg underteikna eit stort vak i vika litt bortanfor der Steffen stod og fiska. Uheldigvis stod eg på feil side av elva, så eg ropte til Steffen og sa ifrå kva eg hadde observert. Med eitt var han vekk i skogen. Hm, ja, kanskje var det eit dårleg trekk med tanke på konkurransen, men med to fiskar i leiing så skulle det ikkje være noko fare. Ikkje lenge etter kom han gåande i skogen og såg mistenkeleg lur ut. Eg ropte bort om han hadde fått noko fisk, og eg frykta litt for leiarposisjonen i konkurransen. Og då han løfta opp fisken med et lurt smil, eg skjøna med eitt at storfangsten var teken i dag. Om det var den samme fiske som vakte tidlegare kan ein ikkje seie hundre prosent sikkert, men truleg var det det. Uansett so var det eit nydeleg eksemplar av ein aure som var dregen i land. Dei to fiskane eg hadde fått var ikkje lenger noko å snakke om i forhold til auren som no var teken.


Det vart no litt diskusjon om kva den eigentlege vekta var, og her melde nok konkurranseinstinktet seg igjen. Ein slik diskusjon vonar eg vi alle kjenner oss igjen i, for den høyrer med. Det er ikkje alltid like enkelt å komme til semje på dette punktet. Men heldigvis hadde vi med ei elektronisk fiskevekt, og dermed fekk ein avklare vekta på ein god måte som begge kunne vere tilfreds med. Vekta på auren var 710 gram. Eit flott eksemplar teken på fiskestang! Det er den største vi har fått i dette vatnet på våre mange turar hit, sjølv om vi har hatt fangstar som har vore i nærleiken. Men no er det sett ei ny vekt som må slåast når høvet byr seg igjen. 

 

Steffen syner storfangsten i dag.

 

Det var no tid for å ta eit bilete av både fisken og fiskaren. Underteikna fekk den æra. 

 

 

Dagens storfangst

 

Til slutt vil vi nytte høvet til å ynskje dykk alle ei riktig god jul og godt nyttår!

 

 

 

Tur til Ryssdalshornet ( 1160 moh. )

Sjølv om eg trivast best på dei umerkte stadane på kartet hender det stundom at eg også vel dei meir opptrakka løypene. Denne gongen valde eg å ta turen opp på Ryssdalshornet, ein av dei populære turrutene i Nordfjord. Dette er ein middels vanskeleg tur, som går 4,5 kilometer frå 100 til 1201 m.o.h., og ein må rekne med kring 4 timar på turen. Ruta er svært godt merkt, noko som er til glede for kvar og ein av oss som tar turen. Eg vil faktisk nytte høvet til å gje alle dykk som har arbeidd med merkinga og anna naudsynt vedlikehald av ruta ein god takk for innsatsen de har lagt ned. Dette gjeld igrunn til alle som har tatt på seg denne typen arbeid. Bra jobba!

For å kome seg til Ryssdalshornet frå Sandane køyrer du E39 mot Byrkjelo.Ta av til høgre frå E39 mot Kandal og deretter mot Ryssdal. Etter ein har kryssa elva tek ein første veg til venstre. Det er greit å parkere i nærleiken av kraftstasjonen før skogsvegen tek til å stige. Ruta følgjer fyrst den bratte traktorvegen opp til Ryssdalsstøylen.

Frå Støylen er det eit skilt til venstre som viser vegen til toppen. Råsa går i nordaustleg retning opp ei bratt li, forbi ein bergvegg der ein må klatre litt ved hjelp av eit tau. Etter kvart kjem ein opp på ryggen og følgjer denne søraustover mot toppen. Ryssdalshornet har på ein måte to toppar, og det er den lågaste (1160 m.o.h.) som er merkt. Er ein fyrst komen opp bør ein også ta med seg den høgste toppen på 1201 m.o.h. 

 


 Dagens turmål er Ryssdalshornet som solar seg i morgonsola
 

Det var behageleg å følgje vegen opp mot Ryssdalsstøylen den fyrste etappen, ein slepp å tenkje så mykje på ruta og ein har heller høve til å nyte omgjevnadane på veg opp. Tankane var mest retta mot årets haust og framtidige turar, for eg finn mykje inspirasjon når eg er ute i naturen. Men eg vart stadig distrahert, på ein positiv måte, av vakker fuglesang frå kjøtmeisa som stod og lurte inne i skogen. Det var flott å høyre på.

I sekken hadde eg ikkje med so mykje utstyr i dag, for planen var å ha med det som eg tykte var mest naudsynt å ha med. Personleg likar eg å kalle slik oppakking "lett og rask". Følgjande utstyr var med: Fotoapparat, kart og kompass, 2 flasker med vatn, 1 stk. t-skjorte, ullsokkar, niste og sjokolade. Fyrstikker har eg alltid i sekken, sjølv om eg ikkje hadde bruk for det i dag.

No ser du kanskje at eg hadde gløymt ein vesentleg ting som også bør være i sekken, nemleg fyrstehjelpsutstyret, som er ein viktig ting å ha med på tur. Saka var at det låg i den andre sekken heime, men skulle eg ha køyrt heile vegen til Hyen igjen for og hente det ville eg ha tapt verdifull tid, så eg laut rett og slett gjere eit unntak i dag. Eg satsa på at det ville gå bra i dag, og det gjorde det også, men ein god regel er og alltid ha det med i sekken.

 


Ryssdalsstøylen.

Etter å ha gått på ein behageleg grusveg opp til Ryssdalstøylen, var det godt å kunne ta seg ein kort pause sidan det var stigning so å seie heile vegen opp. Då vart det høve til å nyte synet av støylen og ta seg ei lita runde rundt for å sjå seg om.

Noko av det fyrste eg la merke til var korleis støylen låg i terrenget, kor torvtaka kamuflerer ganske godt som vi ser på biletet. På sjølve støylen kunne ein fylle på vatn i flaskene. Dette var tydeleg merkt med skilt. Med nytt vatn og friskt mot var det tid for neste steg. Ruta vidare går no opp gjennom skogen og er framleis godt merkt. Her er utsikta noko redusert for ein kort periode, men eg fekk høyre mykje vakker fuglesong i tretoppane som gjorde ferda meir interessant.

Etterkvart får ein prøve seg på spennande klatring, men lat dykk ikkje skremme av den grunn. Her er det laga til ein solid vaier som ein kan halde seg fast i etter behov. Det var godt å ha noko å halde seg i, for det gav ei eiga sikkerheitskjensle.

Om litt kom eg til der eg kunne sjå ned på Ryssdalsstøylen og kor eg tok biletet ovanfor. Her kunne eg igjen nyte utsikta, og det var igjen tid for ein ny pause. Ja, kanskje det blir det for mange pausar i løpet av ein tur, men eg tykkjer det høver seg i stor grad, for då får ein tid til å nyte turen mest mogleg og samstundes få dokumentere turen med bilete som vekkjer gode minne seinare. Slik får ein gjerne med seg fleire detaljar som ein kanskje hadde oversett om ein legg i veg til toppen i full hast.

 


Fremstevatnet

Fremstevatnet ligg ikkje so langt frå Ryssdalstøylen og eg gjettar på at det nok er mange spennande fisketimar ein kan tilbringe der, og ei og anna fiskeskrøne har sikkert også blitt fortalt der nede. Personleg har eg ikkje prøvd fiskelukka der enno, og det ser eg svært fram til når høvet byr seg, og då vil eg også utforske dalen nærmare. Men det lyt nok bli ein annan spennande tur i komande tid, for i dag måtte eg ta til takke med utsikta. Eg skal innrømme at eg kjennde fisketrangen krible i hendene, men i dag kribla det meir i føtene etter å nå toppen og skrive seg i turboka der.

 

Ja, det er gledeleg og sjå slik flott natur breie seg over Nordfjord i all sin glans, å sjå årets haust kome sakte men sikkert for å setje sine nydelege spor i naturen er ekstra triveleg.

No var eg endeleg komen opp i høgda og eg fekk no god betaling for slitet i form av nydeleg utsikt som strekte seg ut over landskapet. Om ikkje skodda hadde vore i vegen, så hadde eg sett over Sandane også. Men det å sjå over skodda gav allikevel ei heilt eiga oppleving som var kjekt å ta del i. Opplevinga gav rikelig med nye krefter til å gå den siste etappen opp til målet for turen.

På veg vidare oppover kom ei uventa men gledeleg overrasking i form av ryper som passerte i full hast. Som så mange gongar før vart det ikkje tid til noko bilete av rypene, for eg vart rett og slett for sein med kamera. Det er slikt som hender, men uansett var det kjekt å få sjå dei i fjellet. Ryper har eg ikkje sett for mykje av i år, trass mine mange turar høgt og lavt, so eg vonar at bestanden tek seg opp att med tida. Kvar gong ein får mogelegheit til å kome tett på ville dyr synest eg det alltid er like kjekt. Personleg gjev det meg ei ekstra glede når ein ferdast i fjellet.

Resten av ruta no var eigentleg strake vegen opp, for eg var no komen over tregrensa og eg kunne kjenne vindens friske bris. Det var som å gå på den raude laupar til målet, stadig nærmare for kvart steg. Så, hurra!, var målet nådd.



 


Tid for og skrive seg inn i boka

 

No var det tid for å ta ein lenger pause. Det synest eg var velfortent og det skal samstundes seiast at det gjorde godt for kropp og sjel. Magen sa no tydeleg i frå at det var tid for mat, og då lyt ein berre lystre for på tom mage kjenner ein slappheita kome, og då kjem ein ikkje langt. Matpakka bestod av eit par brødskiver med brunost, og det smakte fortreffeleg godt. Så hadde eg litt sjokolade og vatn som dessert.

No var tida koma for å skrive seg i turboka. Der kunne ein sjå at eg ikkje var den einaste som ferdast hit, for namna var reint mange. Det er nok eit bevis på at turen til Ryssdalshornet er svært populær. Det er ikkje rart, for utsikta her er heilt fantastisk på godversdagar. Ein har god utsikt mot Sandane, Rygg og Breim. Eg var kanskje mest imponert over å sjå landskapet i sin heilskap, sjølv tåka hadde sin heilt eigen sjarm der den låg og varma seg i sola.

 

 


Underteikna har god utsikt mot Rygg

 

Når eg hadde fått samla nye krefter var det på tide og utforske dei nærmaste toppane som er her, sidan eg først var her. Det var lett å ta seg fram på solide steinflater som ga godt fotfeste. Enno kunne ein sjå snøen fra fjordåret som held stand i fjellet somme stader. Kansje vil den forsvinne heilt før neste vinter stormar over oss. Utsikta må opplevast med eigne auge, noko eg anbefalar på det sterkaste.

 


Nydeleg utsikt so langt ein kan sjå frå øvste toppen

 


Sola skin over høge fjell



Utsikt mot Breim

 


 Ryssdalshornet 1160 m.o.h. Målet er nådd i dag

 

God tur!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 



 

 

 

Tur til Botnafjellet

I dette innlegget har eg valt å legge ut ein tur som eg tok for vel eitt år sidan no. Denne turen gav meg mellom anna fantastiske opplevingar og vakker utsikt så langt eg kunne sjå, og turen vart sjølvsagt foreviga med spennande naturbilder, videoklipp, og personlige notatar. Så lat oss ikkje vente lenger i spenning, det er på tide å opne turboka og sjå kva vi finn...


Vi går inn i ei ny og spennande årstid, dagane som har vore gode og varme blir kortare og kaldare.

Men det er likefullt ei spennande tid på året å ferdast i skog og fjell. Ja, for kvar årstid har nettopp sin eigen sjarm. Og eg tykkjer vel om denne tida når lufta blir skarp og klar, og det er spennande å følgje endringane i naturen på nært hald på denne tiden av året og kanskje sjå morgonar med rim på marka dei første morgontimane

I dag tidleg då eg vakna og såg ut av vindauget, var det utruleg flott å sjå at denne dagen skulle godveiret verkeleg syne seg fra si beste side. Det var ingen tvil, i dag måtte det bli tur, men kor skulle turen fare? Ja for sjølv om det var rikeleg med turar å velge mellom, så måtte det takast eit valg. Ved frokostbordet og Gloppen turkart ved mi side fall valet på Botnafjellet.

Botnafjellet har ei høgde på 1153 moh., og det er inga turrute på kartet som går akkurat dit per i dag, sjølv om der er umerka turruter i nærleiken. Dette gjorde det desto meir interessant for meg. Det var på tide og ta beina fatt og utforske staden nærmare.

 

Planen var å starte turen frå Ommedalsstøylen og gå derfra opp på Botnafjellet via Rinddalen.


Ommedalsstøylen

 

Eg vil seie at ruta høver for alle. Det er ein fordel å ha formen inne, men ikkje noko krav, for om formen ikkje er der kan ein alltids ta fleire pauser undervegs og nyte landskapet på veg oppover. Til Ommedalsstøylen kjem ein på følgjande vis:

Ein køyrer Fylkesveg 615 til ein kjem til Aa, og her køyrer ein av der vegen er skilta til Gjengedal. Om du køyrer frå Sandane må du ta av til venstre, og om du kjem via Storebru må du ta av til høgre. Så følgjer du vegen til du ser ein bratt grusveg gå oppetter fjellet på venstre side. Å køyre på denne vegen kostar per i dag 40 kroner, og dette kan betalast ved byrjinga av vegen. Ein risikerer ikkje å køyre for langt, for denne vegen er ikkje til å unngå å sjå frå hovudvegen. På høgre side har du god over sikt over delar av Aa-elva, Ommedalsvatnet og starten av Ommedalselva, og er du ein laksefiskar så er nok dette meir interessant for deg.


Men lat oss no vende tilbake til turen.

Klokka nærmar seg 09.00 på morgonkvisten når eg kjem til Ommedalsstøylen.

Det er på tide å ta nokre friske høgdemeter og nå dagens mål til Botnafjellet.


Rinddalen

På veg oppover er det jamn stigning heile vegen til ein er oppe, men mist for all del ikkje motet av den grunn, for man går i eit flott landskap og ei utsikt som blir stadig betre og betre på veg opp. For meg gav det både inspirasjon og vilje til og nå toppen, slik at eg kunne skode ut over det vakre landskapet i sin heilskap, og når ein fyrst er oppe, ja så er det gjort.

På biletet ovanfor kan du nyte synet av Rinddalen som var den staden kor eg valde å gå opp, og no var det ikkje mange meter igjen med stigning før eg var oppe. Underlaget var av solide steinflater som var aldeles nydeleg å gå på. Etter at eg hadde gått ein stund i litt meir krevande terreng var dette som å gå på den raude løpar til målet som var der oppe. Å få eit gjensyn med sola den siste etappen opp til målet var ein ekstra bonus på turen, som eg sette stor pris på.

Då eg var komen på toppen var det fantastisk å sjå utsikta strekkje seg 360 grader rundt meg så langt augo kunne sjå. No skulle det bli godt å få seg ein matabete og samle nye krefter i kroppen. Eg var ikkje sein om å skifte t-skjorte og sokkar som naturleg nok var fulle av sveitte etter dagens marsj, og som kjendest iskalde i vindens friske bris. Dette er ein god rutine eg har lagt meg til gjennom tidene: "Av med det våte og på med tørt ". Dei våte kleda la eg ut i sola så dei fekk muligheten og tørke mest mulig.

No var eg komen til tida der det var på sin plass med ei kort feiring av turen for å markere at målet vart nådd i dag, dette høyrer jo også med.

Feiringa bestod av ein god varm kopp med te etter god gammal engelsk tradisjon, og ein god bit av Freia mjølkesjokolade. Det var nydeleg å kjenne sjokoladen smelte i munnen med ein smak av eksotiske frukter som mango i teen, medan eg kunne nyte utsikta som var reint storslagen.

Etter feiringa tok eg meg ein velfortjent kvil kor eg kunne nyte utsiktea i fred og ro, medan eg heldt fram skrivinga i turboka slik at eg vil ha gode minner når tida flyg.


Eitt av mange lemen eg såg på turen

 

Av andre spennande hendingar vil eg nemne at det var rikeleg med liv på bakken også, for lemen var det mykje av, bokstavelige talt over alt. I år var det utan tvil lemenår.

Det var interessant å følgje med på kor dei hadde trakka sine mange små stiar på marka, og dei var både aggressive og redde av seg på same tid. Eg nytta høve til å filme ein av dei som stod så standhaftig og ikkje ville vike. Det sette tydeleg lite pris på mitt nærvær, sjølv om eg satte pris på hans. Då eg hadde fått ei brukbart bilete fortsette eg ferda vidare.


Styggvatna og underteikna

Etter at eg hadde fått litt kvile og samla nye krefter var det tid for å utforske området, noko som alltid er like spennende kvar gong. Eg tok nokre korte turar der eg mellom anna fekk god oversikt over Styggvatna og Styggelivatnet. Per i dag har eg ikkje prøvd fiskelukka i desse vatna, noko eg sjølvsagt også ser fram til når den tid kjem.

Ved hjelp av videokameraet fekk eg eit lite glimt av Vereide i det fjerne, filmsnutten som eg legg ved sist i bloggposten syner dette litt betre enn ein kan sjå på biletet. Det var stor stas å sjå utover alt dette.

Eg skal også innrømme at som den ivrige fiskar eg er, så fekk synet av vatna meg litt til å angre på at eg ikkje tok med fiskestanga i dag, men det var i stor grad ein vellukka rekognoseringstur som gav eit godt grunnlag for ein ny og spennande ekspedisjon hit ved neste høve, for eg er ikkje ferdig med og utforske dette området vidare, det er det ingen tvil om. Neste gong vonar eg å ta med teltet og bruke ekstra god tid til å utforske dei mange spennande stadane som finnast her, for skal ein overnatte i høgare strøk kor ein er utsett for ver og vind er telt nærmast ei sjølvfølge å ha med.

 


Underteikna nyt utsikta frå Botnafjellet

 

Etter at eg hadde utforska delar av det spennande området rundt Botnafjellet var det tid for å ta dagens hovedbilete av turen. Eg sette kameraet i god posisjon på stativet, sette på sjølutløysinga, og så hadde eg nokre sekund på meg til å komme i den rette posisjonen i bildet.

Eg kjem garantert til å vende tilbake hit for å utforske staden meir og nyte den fantastiske utsikta som finst der oppe.

Turen anbefalast på det sterkaste, og om du vel å gå ruta eg gjekk eller om du vel di eiga så er det sjølvsagt opp til deg.

God tur!

 

Heilt til slutt vil eg legge ut denne korte videosnutten som syner min ferd og opplevingar på veg opp.

video:p tur til botnafjellet

 

 

 

 

 

 

 

Presentasjon av ny blogg

  • 15.09.2015 kl.18:20 i Om meg

Velkommen til bloggen Naturglede!

Eg held til i Hyen som er ei lita bygd i Gloppen kommune i Nordfjord. I løpet av mine 28 år har eg brukt mykje av fritida mi til friluftsliv, og dette er noko eg interesserer meg sterkt for. Eg likar best å gå turar som gjev meg mogelegheiten til å være åleine i naturen, og å oppsøke fiskevatn som ikkje er utsett for så mykje trafikk frå andre fiskarar. I sekken har eg alltid med foto- eller videokamera, og slik kan eg dele gode, naturlege opplevingar frå livet i naturen med andre interesserte. Dette er kva eg vil gjere på denne bloggen, og i bloggpostar framover kan du vente å få små glimt frå naturen i Hyen og omegn. Her på bloggen vil eg formidle ulike naturopplevingar frå mine mange turar til fjells, til skogs eller til fiskevatn, turar med kano eller båt, og turar som utforskar villmarka sine mange sider. Av og til legg eg ut korte bloggpostar med ein kort stemningsrapport eller eit møte med dyrelivet, og andre gongar vil eg gje tips og opplysningar om fornuftig villmarksliv Å ferdast åleine i naturen krev at ein tek egen sikkerhet på alvor, noko eg sjølvsagt òg gjer.

På biletet ser du underteikna attmed Langevatnet. Som min fyrste bloggpost vil eg gje ein presentasjon av dette vatnet, då eg har eit spesielt forhold til det. Det var her eg fekk min aller første ørret. Dette hende i 1993, og det var slik mykje av mi friluftsinteresse vart danna. Kvart år startar eg sommarfisket ved Langevatnet som min personlege tradisjon.

 


 
Langevatnet ligg i Rønnekleiv, og er mykje i bruk, spesielt om sommaren. Her er det ørret å få, og den bit gjerne på makk og dupp, men ein blank spinner er også et godt alternativ. Storleiken på fisken varierer litt, men på ein god dag eller ein god kveld ligg den mellom fem hundre gram og eitt kilo. Vatnet er lett tilgjengeleg med bil, og her er ei kort vegskildring:

Ein køyrer Fylkesveg 615 til ein kjem til Aa, og her køyrer ein av der vegen er skilta til Gjengedal. Om du køyrer frå Sandane må du ta av til venstre, og om du kjem via Storebru må du ta av til høgre. Så følgjer ein denne vegen til ein kjem til krysset kor vegen går anten til Gjengedal eller Mjellem. Her tek ein av til Mjellem og køyrer til ein ser ein godt synleg kraftstasjon. Ved denne svingar ein av til høgre. Vegen går gjennom eit gardstun og her må ein leggje att bompengar i ein konvolutt før ein køyrer vidare. Prisen for bomvegen er pr. i dag. kr 20.-. Fiskekort kan ein få kjøpt ved bommen. Ein kan også kjøpe fiskekort i dei lokale sportsforretningane på Sandane, eller ein kan ta turen til Joker-butikken i sentrum av Hyen.

 

 

 

 God tur, og skitt fiske!

 

Ny blogg!

Velkommen til blogg.no! :)

Dette er det aller første innlegget i din nye blogg. Her vil du finne nyttig informasjon, enten du er ny som blogger eller har blogget før.

Trenger du litt starthjelp finner du våre hjelpesider her: http://faq.blogg.no/, og vår engasjerte supportavdeling er tilgjengelig (nesten) 24/7.

Bloggen
Ønsker du å gjøre den nye bloggen din litt mer personlig anbefaler vi at du fyller ut profilinfo, og velger et design som passer til deg. Vil du bare komme i gang med bloggingen kan du starte et nytt innlegg.

Hashtags
Blogg.no bruker hashtags for å samle innlegg som handler om samme tema. Hashtags gjør det lettere å finne innlegg om akkurat det temaet du søker. Du kan lese mer om hashtags her: http://hashtags.blogg.no/

Andre nyttige sider
Infobloggen: http://info.blogg.no/
Vårt regelverk: http://faq.blogg.no/infosider/retningslinjer.html
Vilkår for bruk (ToS) og integritetspolicy: http://faq.blogg.no/?side=omoss

Nå som du har lest dette innlegget kan du redigere det eller slette det. Vær dog oppmerksom på at det alltid må være minst ett innlegg i bloggen for at den skal fungere - det er for eksempel ikke mulig å redigere designet uten at det finnes innlegg i bloggen.

Når du skal logge inn neste gang kan du gjøre det fra vår forside på http://blogg.no/.

 

Vi håper du vil trives hos oss!

hilsen teamet bak
blogg.no

 

blogg.no | logg inn | hjelp | regelverk | vilkår | om oss | kontakt oss | infobloggen

 

Les mer i arkivet » April 2018 » November 2017 » Juli 2017